Næringsklynger får status som Arenaprosjekt

Fire glade prosjekter med diplom, flankert av støttespillere
i Innovasjon Norge, SIVA og Forskningsrådet.

Fire nye regionale næringsklynger får nå status som Arenaprosjekt av Kommunal- og regionaldepartementet og Nærings- og handelsdepartementet, som et ledd i regjeringen sin satsing på å utvikle norsk næringsliv.

 

De fire prosjekta er:

  • Arena Magica, Østfold
  • Helse i Valdres
  • Arena Usus, Agder
  • Frukt- og bærklyngje, Sogn og Fjordane

- Noreg treng fleire bein å stå på i framtida. Me er avhengige av fleire nyskapande næringar. Regjeringa vil difor halde fram arbeidet med å leggje til rette for utvikling av sterke regionale næringsklyngjer. Dei fire nye Arenaprosjekta er alle spanande og nyskapande klyngjer, med stort potensial for vidare vekst og utvikling, seier statssekretær i Kommunal- og regionaldepartementet, Hege Solbakken.

 

Den statlege finanseringsramma til Arenaprogrammet er i 2010 på 40 millionar kroner. For kvar klyngje utgjer dette omkring to millionar kroner i årleg støtte.

- I den globale konkurransen står bedriftene ofte sterkare når dei står saman i nettverk, noko Arenaprogrammet utvilsamt kan bidra til, seier statssekretær Halvard Ingebrigtsen i Nærings- og handelsdepartementet.

Dei nye Arenaprosjekta:

 

Arena Magica

14 bedrifter innan kultur- og opplevingssektoren i Agderregionen skal samarbeide endå tettare om å utvikle fleire store attraksjonar (produkt) på Sørlandet for å sikre kjøp av fleire opplevingar og få fleire turistar til regionen.

Helse i Valdres
Næringsklyngja Helse i Valdres er eit målretta og forpliktande nettverkssamarbeid mellom helse- og rehabiliteringsbedrifter og reiselivsaktørar i Valdres, samt eksterne kompetanseaktørar. Saman skal dei utvikle Valdres til å bli leiande i Norden innan behandling, rehabilitering og helseturisme.

 

Arena Magica

30 næringsaktørar innan musikk & scene og film & media, forskingsaktørar og det offentlege skal samarbeide tettare om å vidareutvikle kommersiell audiovisuell kulturnæring i Østfold. Klyngja skal utvikle kompetanse og kapasitet for å trekkje til seg investeringskapital og større produksjonar.

 

Frukt og bærklyngje

9 frukt- og bærmottak, 3 foredlingsanlegg/industri og 2 teknologileverandørar i regionen har eit felles mål om å auke produksjonen med 25 % i løpet av prosjektperioden. Dette skal gjerast gjennom forpliktande samarbeid i utvikling og marknadsføring av nye og sunne frukt- og bær produkt.

 

Kilde: www.arenaprogrammet.no

 

Kommentarer